MODUL 3: INNHALD
3.4 Å publisere eit nytt blogginnlegg
I denne leksjonen lærer du korleis du publiserer eit nytt blogginnlegg på sida di.
Instruksjonsvideo: Å publisere eit nytt blogginnlegg
Tips når du skal publisere blogginnlegg:
Det kan vere smart å ta utgangspunkt i eit blogginnlegg som du allereie har publisert. Dette hjelper deg å sikre at innlegga dine har lik struktur og ein design som lesarane dine kjenner seg att i.
For å kome i gang kan du duplisere “Bloggpost nummer ein” frå nettsidemalen din. Teksten i denne bloggposten er meint som hjelpetekst når du skal skrive innlegga dine.
Hugs at du alltid må endre både innhaldet (tekst, bilde, knappar, linkar) og alle underpunkta under “settings” før du trykker publiser.
Alt dette er grundig forklart i instruksjonsvideoen.
Hjelpetekst for å skrive blogginnlegg
Teksten under kan du også finne att inne i nettsidemalen din. Teksten er meint som hjelpetekst når du skal skrive eit blogginnlegg, ei nyheitssak eller ei aktuell sak til nettsida di.
28. mai
Overskrift
Start innlegget ditt med ein introduksjon som aukar interessa for å lese vidare. Ta med kva innhaldet skal handle om og fordelane med å lese innlegget. Teksten kan gjenbrukast i utdraget (excerpt) og i SEO-teksten.
Dette blogginnlegget finn du også inne i nettsidemalen din.
Dette blogginnlegget finn du også inne i nettsidemalen din.
Tittel
La tittelen fortelje tydeleg kva innlegget skal handle om. Bruk gjerne typiske søkeord i tittelen, for å hjelpe søkemotorane å finne innlegget ditt, om nokon skulle søke etter informasjon om dette temaet.
Hovudbilde
Vel eit hovudbilde som du legg øvst i blogginnlegget, anten over, ved sidan av eller under introduksjonen. Det er viktig å bruke det same bildet når du deler innlegget på bloggsida, i e-postar og i sosiale medium.
Hovudinnhald
Bruk eit språk som er lett å lese, og bruk ord og formuleringar kundane dine forstår.
Lag hjelpsamt innhald.
Gjer teksten lett å skumlese ved hjelp av underoverskrifter (gjerne med søkeord).
Bruk korte avsnitt og kulepunkt.
Bilde i teksten
Vel gode bilde for å understøtte innhaldet i blogginnlegget, bryte opp teksten og gjere innlegget lettare tilgjengeleg. Bruk beste praksis for bilde når det gjeld rettar og kredittering, storleik, filtype og alternativ tekst.
Linkar til andre blogginnlegg
Bruk innhaldslinkar inne i teksten og mellom avsnitt for å kople dei ulike blogginnlegga dine til kvarandre. Slik hjelper du lesarane dine å finne anna relevant innhald. Søkemotorane "likar" også slike nyttige internlinkar.
Andre handlingsutløysande linkar
Utnytt blogginnlegga dine til å knyte tettare kontakt med kundar som er interesserte i kva du har å tilby. Inviter dei til å abonnere på nyheitsbrevet ditt, sjå ein video, laste ned ein PDF, ta eit gratiskurs eller bestille prøvetime.
Taggar og kategoriar
Bruk gjerne taggar og kategoriar for å sortere innhaldet på sida di. Dette vil kunne gjere det enklare å navigere på sida di. Det kan også hjelpe deg å oppnå auka synlegheit i søkemotorane.