MODUL 3: INNHALD
3.5 Planlegging og produksjon av innhald
I denne leksjonen får du to uvurderlege verktøy for planlegging og produksjon av innhald til nettsida di.
Instruksjonsvideo: Planlegging og produksjon av innhald
Om innhaldet i leksjon 3.5
Kokeboka og planleggingsverktøyet som du får tilgang til i denne leksjonen er, saman med nettsidemalen, noko av det mest verdfulle eg tilbyr deg i dette kurset.
Verktøya vil hjelpe deg å planlegge og produsere innhaldet ditt, slik at du kan jobbe målretta og effektivt fram mot publisering og kome raskt i gang med å realisere forretningsideen din.
I instruksjonsvideoen forklarer eg korleis du kan bruke verktøya, og kvifor eg har utvikla dei akkurat slik.
KOKE-BOK FOR NETTSIDER
Denne e-boka har eg laga til deg som er i gang med å produsere og publisere innhaldet til di aller første (eller andre eller tredje) nettside. Eg tippar du har planlagt nettsidebygginga i lang tid. Du veit stort sett kva du vil oppnå, du har ei definert målgruppe, og du veit kva kundebehov produkta eller tenestene dine skal dekke. Ja, alt er eigentleg ferdig tenkt.
Likevel kan det vere vanskeleg å kome vidare. Hovudet, PC-en og notatblokka har så lett for å bli eit kaos av lausrivne tekstar, sideutkast og uferdige skisser.
Eg har hatt det slik sjølv – både første, andre og tredje gongen eg skulle bygge mi eiga nettside. Eg ville så mykje, men eg var overvelda over alt som skulle gjerast. Det eg sakna, var heilt konkrete råd, nokre enkle sjekklister, ja rett og slett oppskrifter på korleis eg kunne lage og presentere innhaldet på nettsida mi.
Eg veit at ei slik kokebok ville ha spart meg for enorme mengder av arbeid, tid og frustrasjon.
No håpar eg denne (kok)e-boka vil vere nyttig for deg. Boka er meint som støtte, hjelp og inspirasjon i arbeidet ditt, slik at du får jobben gjort utan å bli alt for overvelda.
Hugs at oppskriftene og sjekklistene ikkje er meinte som ein fasit. Du må forkaste det som ikkje passar og legge til det som manglar for akkurat di nettside. Ingen bedrifter er like, og det kan heller ingen nettsider vere.
Sjølve e-boka er delt i to. Fremst finn du oppskrifter til sju ulike undersider, og bakerst finn du sju sjekklister som tilsvarar oppskriftene, men i stikkordsform. Du kan gjerne skrive ut sjekklistene og ha dei ved sidan av deg, når du jobbar.
Lykke til med å lage innhaldet til nettsida di!
PRODUKSJONSPLAN
Har du bestemt deg for ein publiseringsdato for nettsida di? Det kan vere smart å lage ein plan for produksjonen av sideinnhaldet allereie no.
Hugs at både innhaldsproduksjon, val av bilde, innhaldsredigering, optimalisering og publisering tek tid. Ver realistisk og raus i planlegginga, slik at du har ei reell muligheit til å nå målsettinga di.
Gjer ein avtale med deg sjølv (og eventuelle andre) om når du skal arbeide med nettsida di, og set gjerne av skjerma tid i kalenderen. Om det er nokre timar kvar dag eller kvar veke er opp til deg, men det bør ikkje gå for langt mellom kvar arbeidsøkt.
Start enkelt, slik at du unngår å bli overvelda. I denne fasen bør du ikkje legge for mykje tid og arbeid i å bygge ut sida med innhald eller funksjonar du berre trur du treng. Du kan heller bygge ut nettsida di seinare, med meir innhald, fleire sider og fleire tilleggsfunksjonar.
Last ned og skriv ut produksjonsplanen, så er du i gang!