MODUL 2: DESIGN
2.3 Logo og faneikon
I denne leksjonen lærer du korleis du legg inn logo og faneikon (favicon) på nettsida di.
Instruksjonsvideo: Logo og faneikon (favicon).
Greitt å vite om logo og faneikon (favicon)
Kan nettsida vere utan logo?
Ja, du kan gjerne publisere nettsida di utan logo. Då vil tittelen på nettsida di erstatte logoen øvst på sida. Du kan når som helst legge inn eller bytte logo på nettsida, også etter at sida er publisert.
Kan nettsida vere utan faneikon?
Ja. Om du ikkje legg inn eit eige faneikon, vil standardikonet (ei svart/grå kube) bli liggande som faneikon for sida di.
Kor stor skal logoen vere?
Sjølv om logoen din truleg vil vere mindre enn dei andre bilda dine, er det lurt å bruke ei bildefil som er stor nok (men ikkje meir enn 300–500 KB) og brei nok til at logoen din blir klår og skarp, uansett kor stor skjermen er. Når du har lagt inn logoen, kan du framleis eksperimentere med storleiken, til du finn kva som passar på di nettside.
Kor stort skal faneikonet vere?
Faneikonet er det vesle symbolet som du kan sjå øvst på dei ulike fanene i nettlesaren. Det er eit lite, men gjenkjenneleg merke for bedrifta di. Det kan vere identisk med logoen di, eller ha ei eiga utforming som er i tråd med bedriftsprofilen.
Ikonet er verkeleg bitte lite. Du kan laste inn ikon som er mellom 100 x 100 og 300 x 300 pikslar. Dette blir nedskalert av Squarespace til berre 16 x 16 pikslar. Ikonet ditt må altså vere kvadratisk. Bruk .png-format (eller .ico-format) til faneikonet.
Sjå instruksjonsvideoen for å lære korleis du legg inn logo og faneikon på nettsida di.