MODUL 2: DESIGN
2.4 Design på knappar
I denne leksjonen lærer du å velje farge og form på knappane på nettsida di.
Instruksjonsvideo: Design på knappar
Kjekt å vite om knappar
Squarespace lar deg designe tre ulike knappetypar som du kan velje mellom når du bygger nettsida di. Desse vert kalla Primary, Secondary og Tertiary buttons.
Dei tre knappetypane kan du designe uavhengig av kvarandre, slik at du har tre ulike knappar til ulik bruk på sida di.
Dette kan du tilpasse:
Skrift: Font, storleik, avstand mellom bokstavane og bruken av store og små bokstavar
Form: Vel mellom firkanta og avrunda knappar eller berre tekst med understreking. Graden av avrunding kan du tilpasse for kvart hjørne på knappen.
Fyll: Knappane kan vere med eller utan fyll og med eller utan ramme.
Farge: Du kan endre farge på både tekst og bakgrunn på knappane dine. Eg anbefalar at du vel fargar du allereie har i paletten din, men du kan også velje heilt andre fargar.
Sjå instruksjonsvideoen for ei meir detaljert forklaring.