MODUL 2: DESIGN

2.2 Val av fontar

I denne leksjonen lærer du å velje fontar for den nye nettsida di.

Instruksjonsvideo: Val av fontar

Endring av fontar (skrifttypar) på nettsida di

Det enklaste er å ta utgangspunkt i ein av dei mange ferdige skriftpakkane som allereie ligg inne i publiseringsverktøyet.

Om du allereie har ein grafisk profil med definerte fontar, kan du søke etter fonten din inne i designverktøyet. (Browse all fonts / Sjå instruksjonsvideoen frå ca. 01:04)

Du kan også gjere meir detaljerte endringar på font-element som til dømes vekt, avstand, storleik, bruken av kursiv og bruken av store og små bokstavar.

Sjå instruksjonsvideoen for ei meir detaljert forklaring.

Visste du dette om fontar?

  • Ein font er ei gruppe av skriftteikn i same stil, også kalla skrifttype.

  • Seriffar er dei små utløparane øvst og nedst på bokstavane i nokre skrifttypar. Serif og sans serif fortel oss om ein font har slike utløparar eller ikkje. (Sans serif betyr utan seriffar)

  • Times New Roman er rekna for å vere ein av dei mest lesbare fontane på papir, men for svaksynte vil seriffar kunne gjere teksten uklar. Lesbarheita vert ikkje berre påverka av skrifttypen, men også av storleik, avstand, kontrastar og lys.

  • For å finne namnet på ein font som er brukt på nettet, kan du bruke verktøyet WhatFont. (Klikk her for å installere verktøyet i Chrome-nettlesaren din).