🥳
SIDA ER PÅ LUFTA!
KVA NO?
__________
Gratulerer med fullført kurs!
Eg håpar du har fått det utbytet og dei resultata du ønskte deg frå dette kurset, og at du no er på god veg til å bygge di eiga draumenettside.
Om sida di allereie er på lufta, vil eg gjerne dele sida di vidare i mine eigne sosiale kanalar. På denne måten kan eg bidra til å gje sida di litt ekstra merksemd i starten. Klikk på knappen under og fyll ut skjemaet så snart du har publisert sida di, så deler eg i veg!
Venleg helsing Monika 🥳
KVA SKJER NO?
Arbeidet med nettsida er ikkje over, sjølv om nettsida er publisert. No skal sida haldast ved like, du skal oppdatere henne med stadig nytt og relevant innhald, og du skal skape trafikk til sida, slik at ho kan fungere som ein god salskanal for bedrifta di.
Under har eg samla nokre ressursar og tips som eg trur du vil ha nytte av vidare.
Slik får du trafikk til nettsida di
For at nettsida skal fungere som ein salskanal for bedrifta di, må du få folk til å besøke henne.
I dette innlegget kan du lese om nokre viktige trafikk-kjelder, og du får vite korleis du kan utnytte Squarespace sine innebygde marknadsføringsverktøy og integrasjonar for å drive trafikk til nettsida di.
Kva kundebehov skal nettsida di dekke?
Du kan ikkje berre fokusere på kva du sjølv vil oppnå med nettsida di. Du må også vite kva spesifikke kundebehov sida di skal dekke.
Om du har meir fokus på å selje enn å hjelpe, er det ikkje sikkert kunden blir nøgd, sjølv om produktet i seg sjølv er bra.
Det er i skjeringspunktet mellom dine eigne og kunden sine behov du kjem til å finne det gode grunnlaget for ei velfungerande nettside.
Fleire blogginnlegg
På bloggsida mi finn du mange fleire blogginnlegg om nettsidebygging og problemstillingar rundt dette.
Treng du hjelp?
Squarespace Ekspress+ har ikkje individuell oppfølging inkludert i kurspakken. Men du skal likevel ikkje nøle med å kontakte meg for enkle spørsmål og eventuelle feilmeldingar. Bruk e-post: monika@akka-as.no.
Les meir på denne support-sida for informasjon om andre hjelperessursar.
Kjem du framleis ikkje i heilt mål?
Kanskje eg kan hjelpe deg over kneika? Hugs at du har deltakarrabatt på videokonsultasjonar.
Anten du treng å drøfte ei konkret problemstilling med meg, eller du berre treng ein liten peptalk for å kome vidare, kan du som kursdeltakar bestille ein videokonsultasjon til 50 % rabatt. Du må bestille frå kursområdet for å få deltakarrabatten.