Velkomen til
SQUARESPACE EKSPRESS+
NETTKURS + NYNORSK NETTSIDEMAL
__________
Alt du treng for å bygge ei profesjonell og moderne nettside i Squarespace
Sjå velkomstvideoen før du går vidare
NYTTIG INFORMASJON
Tilgang til kursområdet
Du kan når som helst få tilgang til dette kursområdet frå nettsida mi. Klikk på linken øvst til høgre i toppmenyen for å logge inn.
Tilgang til nettsidemalen
Eg overfører nettsidemalen til deg ein til to arbeidsdagar etter bestilling. I leksjon 1.1 får du ei grundig forklaring på korleis du går fram for å få tilgang. Du kjem til å trenge Squarespace-abonnementet “Business plan” eller høgare for å bruke malen din, men vent med å kjøpe abonnementet til sida di er klar.
Kurs-navigasjon
Du kan navigere rundt i kursmodulane via menyen som ligg heilt øvst på alle sidene i denne kursportalen. Heile menyen vil opne seg når du fører musepeikaren over teksten “SQUAESPACE EXPRESS+”. Du kan navigere fram og tilbake mellom leksjonane ved å klikke på knappane som du finn nedst på sida til alle leksjonane.
Sjekkliste
Last ned og skriv ut sjekklista for kurspakken, slik at du held oversikta og kan følge med på progresjonen din.
Rekkefølge
Modulane og leksjonane i kurset er bygde opp i logisk rekkefølge, i alle fall for meg. 🙂 Eg vil difor råde deg til å følge denne progresjonen for å få det beste utbytte av kurset, men du gjer sjølvsagt akkurat som du vil. Sjekklista vil hjelpe deg å halde oversikt og kontroll. Hugs at du kan gå tilbake og repetere enkeltleksjonar – både undervegs og etter at du har fullført kurset. Du har tilgang til kursportalen i eitt år.
Opphavsrett
Eg minner, for ordens skuld, om at alt innhaldet i dette kurset, inkludert nettsidemalen, er beskytta av opphavsrett, så ingenting av dette kan kopierast eller seljast vidare av deg. Du har likevel løyve til gjenbruk av språkkodane, dersom du heller vil bygge nettsida di frå ein av Squarespace sine sidemalar. Merk at løyvet er avgrensa til dine eigne nettsideprosjekt, du kan altså ikkje selje eller gi kodane vidare til andre. Takk for at du respekterer dette!
Slik får du hjelp
Squarespace Ekspress+ har ikkje individuell oppfølging inkludert i kurspakken. For enkle spørsmål kan du gjerne sende ein e-post til monika@akka-as.no. Les meir på denne support-sida for informasjon om andre hjelperessursar.
Rabatt på videokonsultasjonar
Om du ønskar å drøfte ei konkret problemstilling med meg, eller om du berre treng ein liten peptalk for å kome vidare, kan du som kursdeltakar bestille ein videokonsultasjon til 50 % rabatt. Du må bestille via dette kursområdet for å få deltakarrabatten. Link til bestillinga finn du både her på denne velkomstsida, i menyen og inne på supportsida.
3 tips for å lykkast med
den nye nettsida di
1: Lag ein realistisk tidsplan
Før du startar er det lurt å bestemme ein publiseringsdato for nettsida di. Ver realistisk og raus i planlegginga, slik at du har ei reell muligheit til å nå målsettinga di. I leksjon 3-5 finn du eit nyttig planleggingsverktøy for innhald. Om du vil, kan du laste ned denne produksjonsplanen allereie no.
Dette vil du trenge tid til:
Å gå igjennom alle modulane og leksjonane i sjølve kurset.
Å bygge sidestrukturen din.
Å tilpasse designet, slik at nettsida blir slik du vil ha henne.
Å produsere innhaldet ditt (tekst og bilde m.m.)
Å legge inn innhaldet på nettsida.
Å optimalisere nettsida for kundar og søkemotorar.
Å publisere nettsida di på ditt eige domene.
2: Set av nok tid i kalenderen
Eg vil anbefale deg å setje av dedikert tid i kalenderen din, og gjere ein avtale med deg sjølv (og eventuelle andre) om når du skal arbeide med nettsida di. Om det er nokre timar kvar dag eller kvar veke, er opp til deg, men det bør ikkje gå for langt mellom kvar arbeidsøkt.
3: Gjer det enkelt
Ikkje ha alt for store ambisjonar for nettsida di. Ikkje legg for mykje arbeid i å bygge ut sida med innhald eller funksjonar du berre trur du treng. Det er smartare å starte enkelt og heller bygge ut nettsida di seinare, med meir innhald, fleire sider og fleire tilleggsfunksjonar.