MODUL 5: PUBLISERING
5.2 Kopling av nettsida til eit .no-domene
I denne leksjonen lærer du korleis du går fram for å kople den publiserte Squarespace-sida til ditt eige .no-domene.
Kopling av Squarespace-sida til eit .no-domene
I leksjon 5.1 viste eg deg korleis du publiserer Squarespace-sida di på det innebygde Squarespace-domenet ditt. I denne videoen går eg igjennom det neste steget, nemleg korleis du koplar sida di mot eit .no-domene.
I videoen viser eg deg også korleis du kan sikre deg eit ledig .no-domene. Om du allereie eig eit domene du vil bruke, kan du hoppe fram til 02:12 i videoen.
Merk: Det kan ta opp til 72 timar å få eit godkjent SSL-sertifikat for sida di. (Det tek ofte kortare tid). Hugs difor å ta denne tida med i berekninga, når du planlegg ein publiseringsdato for sida di.
Sjå instruksjonsvideoen for ei meir detaljert forklaring.
Merk også: I instruksjonsvideoen brukar eg domeneleverandøren min som døme, når eg viser korleis du koplar sida di til eit domene. Dette har berre praktiske årsaker, sidan eg kjenner denne leverandøren best, og eg har ingen provisjon eller andre bindingar til denne leverandøren.
Instruksjonsvideo: Kopling av nettsida til eit .no-domene