MODUL 2: DESIGN

2.4 Design på knappar

I denne leksjonen lærer du å velje farge og form på knappane på nettsida di.

Instruksjonsvideo: Design på knappar

Kjekt å vite om knappar

  • Squarespace lar deg designe tre ulike knappetypar som du kan velje mellom når du bygger nettsida di. Desse vert kalla Primary, Secondary og Tertiary buttons.

  • Dei tre knappetypane kan du designe uavhengig av kvarandre, slik at du har tre ulike knappar til ulik bruk på sida di.

  • Dette kan du tilpasse:

    • Skrift: Font, storleik, avstand mellom bokstavane og bruken av store og små bokstavar

    • Form: Vel mellom firkanta og avrunda knappar eller berre tekst med understreking. Graden av avrunding kan du tilpasse for kvart hjørne på knappen.

    • Fyll: Knappane kan vere med eller utan fyll og med eller utan ramme.

    • Farge: Du kan endre farge på både tekst og bakgrunn på knappane dine. Eg anbefalar at du vel fargar du allereie har i paletten din, men du kan også velje heilt andre fargar.

Sjå instruksjonsvideoen for ei meir detaljert forklaring.