MODUL 1: KOM I GANG
1.1 Installasjon av nettsidemalen
I denne leksjonen lærer du korleis du går fram for å få tilgang til malen din. Det er denne malen du skal bruke for å bygge den nye nettsida di.
(Eg overfører nettsidemalen til deg ein til to arbeidsdagar etter at du har bestilt nettkurset.)
Instruksjonsvideo: Installasjon av nettsidemalen
Slik installerer du malen – steg for steg:
Opne e-posten “Contributor Invitation from Monika Haanes Waagan” frå Squarespace. (E-posten kjem til e-postadressa du oppgav då du bestilte kurset.)
Godta invitasjonen ved å klikke på ACCEPT INVITATION i e-posten.
Opprett din eigen Squarespace-konto.
Nettsidemalen er no installert på Squarespace-kontoen din.
Fyll ut skjemaet “Overføring av eigarskap” etter at du har gjennomført steg 1–4.
Sjå instruksjonsvideoen for ei meir detaljert forklaring.
Overføring av eigarskap
Viktig! Du må først fullføre steg 1 til 4, slik at du får tilgang til nettsidemalen din, før du sender inn dette skjemaet. Sjå instruksjonsvideoen for forklaring.