MODUL 1: KOM I GANG

1.2 Bli kjend med nettsidemalen

I denne leksjonen får du ei kort omvisning inne i nettsidemalen. Du får sjå administrasjonspanelet og eg viser deg dei ulike undersidene som er inkluderte i nettsidemalen din. Eg viser deg også kvar du kan finne språk-kodane som omset Squarespace sine standardtekstar på sida frå bokmål eller engelsk til nynorsk.

Instruksjonsvideo: Bli kjend med nettsidemalen

7 ulike undersider

Malen din har eit standard sideoppsett som inkluderer desse sju undersidene:

  1. Framside

  2. Om oss-side

  3. Kontaktside (med eller utan kontaktskjema)

  4. Bloggside

  5. Mal for blogg-innlegg (med eller utan kommentarfelt)

  6. Produktside (med eller utan bestillingsskjema)

  7. 404-side

Sjå instruksjonsvideoen for å få ei omvisning inne i nettsidemalen din.

Forklarande tekstar og eksempel

Av erfaring veit eg at innhaldsproduksjon er noko av det vanskelegaste og mest tidkrevjande arbeidet for ein fersk nettsidebyggar.

Som du vil oppdage, inneheld sidemalen din difor ei mengd forklarande tekstar, eksempel-bilde, skjema, linkar og knappar. Teksten er ulik på kvar underside og er meint som ei hjelp for deg, når du skal lage ditt eige innhald.

Sjølv om det kan vere fristande å gå i gang allereie no, kan du gjerne vente til modul 3 med å endre innhaldet i malen. I modul tre vil vi nemleg gå igjennom korleis du tilpassar sidestrukturen til ditt behov. Då får du også lære – steg for steg – korleis du legg til tekst, bilde, knappar og anna innhald på sida di.

Språk-kodar

For at Squarespace sine standardtekstar skal visast på nynorsk på alle sidene i sidemalen, er det lagt inn eigne kodar i sidemalen. Om du gjer endringar i denne koden, vil det kunne påverke korleis sida di fungerer. Om du ikkje har kunnskap om koding, bør du altså la desse bli ståande som dei er. I instruksjonsvideoen viser eg deg kvar du kan finne kodane.

Som kursdeltakar har du løyve til gjenbruk av språkkodane, dersom du heller vil bygge nettsida di frå ein av Squarespace sine sidemalar. Merk at løyvet er avgrensa til dine eigne nettsideprosjekt, du kan altså ikkje selje eller gi kodane vidare til andre.

Takk for at du respekterer dette!