SUPPORT
Enkle spørsmål eller feilmeldingar
Squarespace Ekspress+ har ikkje individuell oppfølging inkludert i kurspakken. Men du skal likevel ikkje nøle med å kontakte meg for enkle spørsmål og eventuelle feilmeldingar. Bruk e-post: monika@akka-as.no.
Følg med på oppdateringar og innlegg
Mange av spørsmåla eg får frå kursdeltakarane mine vil vere relevante for fleire. Følg difor med på oppdateringar frå meg på e-post og i sosiale kanalar. Eg deler også ein del relevante nyheiter og oppdateringar frå Squarespace.
Gratis kundestøtte 24/7
Kundesørvis-teamet til Squarespace er tilgjengeleg sju dagar i veka, 24 timar i døgnet. Kundestøtta skjer på engelsk og er sjølvsagt gratis. Sjølv har eg berre positive opplevingar frå kontakten eg har hatt med Squarespace-hjelparane.
Hjelpesider
Squarespace har endelause mengder av opplæringsressursar tilgjengeleg på nettsidene sine. Du kan bruke søkefeltet eller bla igjennom hjelperessursane etter ulike produktkategoriar og tema.
Squarespace Circle
Etter at du har designa tre nettsider i Squarespace-kontoen din, kan du søke om medlemsskap i Squarespace Circle. Dette er eit profesjonelt fellesskap som gir deg ein del eksklusive fordelar, opplæringsressursar og førstehands produktkunnskap. Les meir om Squarespace Circle her.
Rabatt på videokonsultasjonar
Om du ønskar å drøfte ei konkret problemstilling med meg, eller om du berre treng ein liten peptalk for å kome vidare, kan du som kursdeltakar bestille ein videokonsultasjon til 50 % rabatt. Du må bestille via dette kursområdet for å få deltakarrabatten. Link til bestillinga finn du både her, på velkomstsida og i menyen.