MODUL 4: OPTIMALISERING
4.1 Optimalisering av innhald
I denne leksjonen lærer du kva som er anbefalt praksis for innhald på nettsider bygde i Squarespace. Eg viser deg kvar du bør plassere viktige nøkkelord, og du får to nyttige sjekklister som hjelper deg å hugse det viktigaste. Blogginnlegget “Beste praksis for bilde i Squarespace” tek føre seg optimalisering av bilde.
Optimalisering er både det du gjer for å auke synlegheita di i søkemotorane (søkemotoroptimalisering) og for å optimalisere sida for brukarane dine (brukaroptimalisering). Det meste du gjer av søkemotoroptimalisering vil uansett kome brukarane dine tilgode – og omvendt.
Om video 1
I denne videoen går eg igjennom alle punkta i sjekklista “Anbefalt praksis for innhald”. Eg demonstrerer også korleis du gjer dette i praksis.
Instruksjonsvideo: Optimalisering av innhald, video 1
Om video 2
I denne videoen viser eg deg kvar du bør plassere viktige nøkkelord på Squarespace-sida di. Videoen tek føre seg alle punkta i sjekklista “Plassering av viktige nøkkelord”.
Instruksjonsvideo: Optimalisering av innhald, video 2
Beste praksis for bilde i Squarespace
Store og tunge bildefiler kan gjere nettsida di unødvendig treig. Difor er det viktig å formattere bilda dine på ein god måte. I det vedlagde blogginnlegget får du vite kva som er beste praksis for bildebruk i Squarespace, og kva du bør gjere med bilda dine FØR du legg dei inn på nettsida di.